Velledalen Montessoriskule
Gratis frukost og frukt
Gratis skuleskyss
Felles lunsj kvar dag
Symjing heile året
Torsdagsmiddag
Spennande pedagogikk i storslåtte omgjevnadar
Montessori?
Montessoripedagogikken er ein livsfilosofi som set bornet i sentrum. Tenk deg ein skule der du får moglegheita til å utforske verda i ditt eige tempo, der læring er glede og ikkje plikt. Her får alle utvikle seg til sjølvstendige, kreative og ansvarlege individ, klare til å møte framtida.
I ein montessoriskule blir alle sett på som unike, med sine eigne interesser og behov. Lærarane støttar og inspirera borna til å finne sin eigen veg. I staden for tradisjonelle klasserom, finn du her eit miljø som er nøye tilpassa bornas utvikling. Skulen er fylt med spennande og stimulerande materiale som oppmuntrar til utforsking og læring.
Eitt av aspekta ved pedagogikken er aldersblanda grupper. Her lærer borna av kvarandre, dei eldste er rollemodellar og dei yngste får inspirasjon og støtte. Dette skapar eit dynamisk og inkluderande læringsmiljø.
Friheit og ansvar går hand i hand i montessoriskulen. Borna får friheit til å velje aktivitetar innanfor klare rammer, noko som fremjar sjølvstende og sjølvdisiplin. Dette gjer at barnet ditt ikkje berre lærer fagleg kunnskap, men òg livsferdigheiter som vil vere uvurderlege i framtida.





