Velledalen

Storsalen

Ein sal på 13 x 19 meter kan brukast til mykje, og med ei scene på 7 x 11 meter er potensialet enda større. Her har det opp gjennom åra blitt arrangert revyar, messer, konsertar, basarar, foredrag, bryllup, dans, teater, badminton, øvingshelger, juletrefestar og mykje anna.

Skal du ha eit arrangement med berre stolar er der ein kapasitet på om lag 300, og med småbord får ein plass til 200 gjestar. Der er eit godt og nytt lydsystem, med høgtalarar, trådlause mikrofonar og Bluetooth-tilkopling. I tillegg er der lerret på scena, med prosjektor du lett koplar deg på. Treng du ekstra lys er der gode moglegheiter for dette. I samband med scena er der eit omkledingsrom med gode speglar og toalett, samt inngang til møterommet på andre sida.

Velledalen Idrettslag arrangerar førjulsmesse.
Ein får plass til mykje folk i salen.
Kvart år har skulen juleavslutning. Alle elevane er på scena med familiane i salen.
Mange korps er innom på øvingshelg. Scena er fin å øve på viss ein vil nytte salen til noko anna.
Klar for jubileumsfeiring!
Heile dalen er pynta i høve nasjonaldagen.
Salen kan også brukast til læring.

Skroll til toppen