Velledalen

Kjøkkensalen

Kjøkkensalen ligg rett ved kjøkkenet, og du får lett tilgang gjennom serveringslukene om du treng det. Sjølve salen er 7 x 11 meter og eignar seg godt til mindre selskap som bursdagar og konfirmasjonar, men også møter og liknande. Veggen mot salen kan nyttast som lerret om det er behov for det.

Salen er til dagleg innreia med bord og stolar til om lag 60 stk. Borda er samanleggbare og utstyrt med hjul, noko som gjer dei lette å flytte på. Om ein nyttar seg av storsalen i tillegg er dette ein naturleg plass å plassere buffeten, kakebordet eller baren, og med to vegar inn og ut vert ventetida for svoltne gjestar kort!

Skroll til toppen