Velkomen til Velledalen
Ei skjult perle på Sunnmøre!
Om Velledalen
Innerst i Sykkylven, rett før du kryssar kommunegrensa til Stranda, finn du Velledalen. Her, omkransa av dei majestetiske Sunnmørsalapane, er muligheitene mange. Du kan bestige dei høgste toppane, gå korte turar i låglandet, eller rett og slett berre beundre naturen på avstand. Uansett finn du alltid noko som passar for deg!

Handel
I ein gamal fabrikk omtrent midt i dalen ligg Nærbutikken. Her får du det du treng av daglegvarer, men også eit godt utval av matvarer frå lokale produsentar av kjøt, fisk, frukt og honning. Her finn du også ei lita kafè-avdeling, der du kan slå av ein prat med dei du møte over ein kopp kaffi. Butikken er drifta av Velledalen i Balanse AS, som arbeider med å gjere dalen ein enda betre stad å bu!

Aktivitetar for heile familien
Velledalen er ein fin stad for heile familien. Om sommaren kan du gå tur, bade, fiske i elvar og innsjøar, spele diskgolf og gå på festival. Om vinteren blir dalen til eit vinterparadis, og Fjellsætra ligg der klar for dei som vil stå på ski både bortover og nedover.
Gjennom året er det grendahuset som er samlingsstaden. Her skjer det alltid noko: trening, matservering, symjing, musikkøving, pubkveldar, basarar, messer, festival, bryllup og mykje meir. Vegg i vegg ligg Velledalen Montessoriskule og Velledalen Naturbarnehage med store uteområder som vert flittig brukt. I tillegg ligg Dalemyra Stadion eit steinkast nedanfor, der ein kan få med seg nokre av fotballkampane til mellom anna A-laget i Sykkylven. Dette området, som har fått namnet Velledalen Kulturpark, vert også nytta av Sykkylven skjeneplatelag som har ei flott 18-hols diskgolfbane!




