Lag og organiasasjonar
Dei som skapar aktivitet i dalen

Velledalen Idrettslag
Legg til rette for aktivitet i heile bygda, og er godt representert på arrangement rundt om i landet. Dei arrangerar mellom anna idrettsskule, motbakkeløp og ikkje minst det tradisjonsrike Konradløpet kvar 1.mai.

Eldsjel
Har som mål å skape aktivitet, og at folk skal ha det kjekt og trivast saman. Dei vil skape engasjement, dugnasand og lokal tilhøyrsle. Døme på dette er mellom anna diverse foredrag, forestllingar, pubkveldar og festar. Følg dei på facebook for å få med deg kva som skjer!

Velledalen Grendalag
Ei gruppe damer som samlast til foreining første tysdagen i månaden. Sjekk Facebook-sida for meir informasjon om møtetidene. I tillegg arrangerar dei basarar, og samla inn pengar til ulike føremål i dalen. Dei gjer gjerne handarbeid når dei møtest, så hiv deg med!

Velledalen Sogelag
Sogelaget arrangerar med jamne mellomrom Sogekveld. Der kan du høyre gamle historier, sjå bilete, og lære om livet og gardane i Velledalen før i tida. Alltid servering av kaffi og noko attåt. På Facebook-sida «Kva skjer i Velledalen» vert programmet lagt ut i god tid.

Brøvøllsfestivalen
Siste helga i juni er det alltid klart for Brøvøllsfestivalen! Kvart år står heile dalen på hovudet for at heile bygda ska få oppleve Velledalen frå si beste side. Med konsert fredagskvelden, aktivitetsdag for heile familien laurdag på dagtid, og standup på kveldstid, er der noko for kvar og ein gjennom heile helga.

Dalljom
Spelar du eit instrument, kanskje utan dei største ambisjonane, så er dette korpset for deg! Her kan du børste støvet av hornet/klarinetten. Det øvast i hovudsak kvar torsdag, så her er det berre å kontakt med Torhild H. Skogvold om du kunne tenke deg å bli med.